Recap

Uke 16

20/04/15
Jonas Orset

I norske dalføre

No er eg stasjonert i nynorskens rike og kva passer betre då enn å skrive denne vekesrapporten på Ivar Aasens eiget skriftspråk. Det har vore ein morosam veke med mykje å gjere. Før eg tok turen hit til fjells blei det nokre travle dagar med skuleoppgåver, trening på Avancia, massasje hjå Ski Body Work og ikkje minst det andre rittet i Sykkelboden Vårcup. Let oss la bileta leie oppsummeringa.

Lasse frå Ski Body Work gjer ein utruleg god jobb. Men massasjebilete har ein tendens til å sjå noko tvilsame ut...
Lasse frå Ski Body Work gjer ein utruleg god jobb. Men massasjebilete har ein tendens til å sjå noko tvilsame ut…
Sykkeboden Vårcup vart ein suksess. Trøysam løype ute ved Kroer. Korleis det gjekk kan du lese ved å trykkje på biletet.
Sykkeboden Vårcup vart ein suksess. Trøysam løype ute ved Kroer. Korleis det gjekk kan du lese ved å trykkje på biletet.
Min nye Emoda frå Trek har så langt vore heilt fantastisk. Eg gler meg til å setje på Aeolushjul og teste han i konkurranse. Trur det blir heilt rått!
Min nye Emoda frå Trek har så langt vore heilt fantastisk. Eg gler meg til å setje på Aeolushjul og teste han i konkurranse. Trur det blir rått! Det er ein lettvektar, men likevel grådig stiv. Imponerande frå Trek!
På torsdag tok eg turen med mor mi til hytta ved Nesbyen, med far hakk i hæl på fredag. Det har vore nokre overlag kjekke dagar der eg har lagt ned store mengder trening. Frå fredag har eg hatt 18 timar på sykkelsetet med mange høydemeter. Det har ikkje vore noko problem med nydeleg ver og lekkert landskap. Eg har virkeleg savna Noreg og Hallingdal! Foreldra har reiste heimover at, men eg blir nokre dagar til. Eg kan ikkje få nok av desse dalane.
På torsdag tok eg turen med mor mi til hytta ved Nesbyen, med far hakk i hæl på fredag. Det har vore nokre overlag kjekke dagar kor eg har lagt ned store mengder trening. Frå fredag har eg hatt 18 timar på sykkelsetet med mange høydemeter (du kan studere treninga mi på Strava. Det har ikkje vore noko problem å sykle langturer i nydeleg ver og lekkert landskap. Eg har virkeleg savna Noreg og Hallingdal! Foreldra har reist heimover att, men eg blir nokre dagar til. Eg kan ikkje få nok av desse dalane. Det er berre å smile!

Neste ritt er Norgescup i Skien fyrstkommande søndag – før eg set nasen attende til Belgia. I mellomtida skal eg nyte dei norske dalførane og leggje ned endå meir kvalitetstrening!

Sjå bileta frå dei siste dagane i slideren nedanfor.

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram